• Fargerik eng, Vaktdal, Os. Foto Øyvind Vatshelle
  • Mengen farleg avfall frå Nordsjøen i form av borekaks har auka mykje i Hordaland, ogi 2012 utgjorde det godt over halvparten av det farlege avfallet i fylket. Mykje av dette vert handtert på avfallsanlegget på Eide på Sotra
  • Frå Geitaknottane naturreservat i Kvinnherad. Det er sett ut aure i mest kvart einaste ferskvatn i Hordaland, noko som har hatt store konsekvensar for det biologiske mangfaldet i slikt miljø. Ved Geitaknottane har ikkje auren gyteplassar. Difor har den utryddingstruga storsalamanderen greid seg godt her. Dette er det desidert største kjende førekomsten av arten, med mellom 6000 og 10000 individ. Foto: Magnus J. Steinsvåg
  • Mudring i Kirkebukten i Bergen
  • På skitur på Gulfjellet i Bergen. Gullfjellstoppen ligg 987 meter over havet, og her er flott utsikt! 58 prosent av vestlendingane gjekk på lengre skiturar siste år (2011). Foto Einar Grieg, Hordaland Fylkeskommune
  • Flaum i Dale i VaksdalTemperaturen på Vestlandet kan auke med 1,9 til 4,2 grader fram mot år 2100, og vinternedbøren kan auke med over 40 prosent. Det vil bli fleire dagar med mykje nedbør og flaum. Foto Torgeir Langhelle, BKK
  • Boersvineblomen kom til Bømlo med jordmassar som følgte med båtar. No vert det jobba med å fjerne plantene.

Sjekk miljøet på mobilen

TIL MILJØSTATUSKARTET

På Miljøstatuskartet kan du finne kartfesta informasjon om mange miljøtema. Sjekk miljøet der du er!

Miljøstatus for Hordaland i kart

Om lag 20 prosent av arealet i Hordaland er verna. Vi har 156 verneområde, nasjonalparkane står for 79 prosent av det varna arealet, medan sjøfuglreservata er flest med 69 verneområde.